Maskinsjef
Go to main content\nEN\nSearch\nEURES (EURopean Employment Services)\nMenu\nJobseekers\nFind a job\nJob results\nMaskinsjef i sambandet Stranda-Liabygda, p.t. MF Sunnylvsfjord\nFJORD1 AS\nUpdated on: 14/11/2025\nJob vacancy handle: ZjgyY2I1YWItNmI0MS00MzM5LTgyNGMtMzlmYTE3ZWVlMzdiIDI2MQ\nJob overview\nNEW\nDELAYED START\nWorking languages\nNorwegian\nJob sector\nSea and coastal passenger water transport\nWork schedule\nFull-time\nContract type\nDirect hire\nOccupation\nNumber of posts\n1\nLast application date\n24/11/2025\n24\nNOV\n2025\nJob start date\nna\nJob details\nJob description\n\nBli maskinsjef på MF Sunnylvsfjord – og ta del i framtida for maritim teknologi!\nVil du jobbe med den nyaste grøn teknologi og vere ein del av eit selskap som leiar an i den maritime overgangen til utsleppsfri drift? Fjord1 er verdsleiande innan det grøne skiftet, og no har du sjansen til å bli maskinsjef på MF Sunnylvsfjord – ei toppmoderne el-ferje på sambandet Stranda – Liabygda. Her får du ei sentral rolle i å sikre trygg og effektiv drift av eit fartøy som representerer framtida innan ferjetransport.\n\n\nSkiftordning: 2 veker på og 2 veker av, døgnskift.\n\nDu bør bo lokalt, men hybel er tilgjengeleg i Eidsdal for dei som ønskjer det.\n\nEin flott jobb å kombinere med familieliv og fritid!\n\n\n\nArbeidsoppgåver\n\nSom maskinsjef vil du ha hovudansvaret for den tekniske drifta av ferja.\nDette inkluderer:\n\nSikre at alt teknisk utstyr fungerer i samsvar med gjeldande krav.\nVedlikehald av maskineri og system gjennom AMOS vedlikehaldssystem.\nOppfylging av sikkerheitsstyringssystemet i samarbeid med skipsførar.\nOpplæring og oppfølging av mannskap under din leiing.\nOvervaking av brennolje-, smøreolje- og ferskvatnforbruk.\nBudsjettering og bestilling av reservedelar.\nEr dette deg?\n\nDu trivst med ansvar og tekniske utfordringar, og likar å jobbe i eit miljø der samarbeid og kommunikasjon er nøkkelen til suksess. Du er løysingsorientert, serviceinnstilt og tek initiativ når det trengst. Med godt humør og ei positiv innstilling bidrar du til eit godt arbeidsmiljø og trivsel om bord. I tillegg brenn du for å vere med på den grøne utviklinga i maritim sektor og jobbe med moderne teknologi.\n\nM3-sertifikat (minimumskrav)\nSikkerheitskurs iht. kvalifikasjonsføreskrifta\nKrise- og passasjerhandteringskurs\nGyldig helseerklæring\n\nKva kan vi tilby?\nEit solid fagmiljø med gode kollegaer og moglegheit for vidare utvikling\n\nGode velferdsordningar: Tilgang til firmahytter, gode pensjons- og forsikringsordningar\nHybel i Eidsdal tilgjengeleg for frivakter dersom du ikkje bur lokalt.\nSkiftordning: 2 veker på, 2 veker av, døgnskift\n\n \n\nInteressert? Send inn søknaden din i dag og bli ein del av den fine gjengen på MF Sunnylvsfjord – vi ser fram til å høyre frå deg!\n\n\nKontaktinformasjonJill Mari Juberg, Rekrutteringsmedarbeider, \nArbeidsstad\n6200 Stranda Municipality\nNøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Fjord1 AS\n\nReferansenr.: \nStillingsprosent: 100%\nFast\nSøknadsfrist: \n\n\n\nOm arbeidsgiveren:\n\nFjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.\n\nFjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.\n\nMed kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.\n\nJob location\n\n6200 STRANDA , Møre og Romsdal - Norway\n\n6212 LIABYGDA , Møre og Romsdal - Norway\n\nJob requirements\nExperience\n(4 years)\nEmployer\nName\nFJORD1 AS\nSector\nSea and coastal passenger water transport\nLegal ID\n974737647\nHow to apply\nHow to apply\nLink to the vacancy on the Norwegian job board\nLast application date\n24/11/2025\nJob vacancy ID\nf82cb5ab-6b41-4339-824c-39fa17eee37b\nCountry specific information\nLiving & Working: Norway\n\nClick here to get more information\n\nLabour market information: Norway\n\nClick here to get more information\n\nEURES (EURopean Employment Services)\nThis site is managed by: European Labour Authority\nAccessibility\nContact Us\nContact the EURES Helpdesk\nChat with EURES Advisers\nFollow us\nFacebook\nTwitter\nLinkedin\nYouTube\nInstagram\nSubscribe to our newsletter\nAbout us\nLanguages on EURES\nCookies on EURES\nEURES Privacy policy\nEURES Legal notice\nDiscover more on europa.eu\nContact the EU\nCall us \nUse other telephone options\nWrite to us via our contact form\nMeet us at one of the EU centres\nSocial media\nSearch for EU social media channels\nLegal\nLanguages on our websites\nPrivacy policy\nLegal notice\nCookies\nAccessibility\nEU institutions and bodies\nSearch all EU institutions and bodies
- Hovudansvar for den tekniske drifta av ferja. Inkluderer: Sikre at alt teknisk utstyr fungerer i samsvar med gjeldande krav. Vedlikehald av maskineri og system gjennom AMOS vedlikehaldssystem. Oppfylging av sikkerheitsstyringssystemet i samarbeid med skipsførar. Opplæring og oppfølging av mannskap under din leiing. Overvaking av brennolje-, smøreolje- og ferskvatnforbruk. Budsjettering og bestilling av reservedelar.
- M3-sertifikat (minimumskrav). Sikkerheitskurs iht. kvalifikasjonsføreskrifta. Krise- og passasjerhandteringskurs. Gyldig helseerklæring. Trivst med ansvar og tekniske utfordringar. Løysingsorientert, serviceinnstilt og tar initiativ. Godt humør og positiv innstilling. Brenn for grøn utvikling i maritim sektor og moderne teknologi.
- Solid fagmiljø med gode kollegaer og moglegheit for vidare utvikling. Gode velferdsordningar: Tilgang til firmahytter, gode pensjons- og forsikringsordningar. Hybel i Eidsdal tilgjengeleg for frivakter dersom du ikkje bur lokalt. Skiftordning: 2 veker på, 2 veker av, døgnskift.