HELSE MØRE OG ROMSDAL HF ÅLESUND SJUKEHUS - SOMATIKK · Ålesund, Møre ja Romsdal

Pasientkoordinator – Helse Møre og Romsdal HF Ålesund Sjukehus | EURES

⏱ 38–40 📍 Ålesund, Møre ja Romsdal 🕐 @@Full-time@@
💰
Salary
🕐
38–40
Hours / Week
🏢
Direct
Staffing Agency
📄
Työnkuvaus

Vi søkjer deg som er strukturert, sjølvstendig og løysingsorientert, og som ønskjer ei sentral rolle i utviklinga av eit viktig behandlingstilbod for pasientar med kroniske smertetilstandar. Smerteklinikken i Ålesund tek imot smertepasientar frå heile Møre og Romsdal til tverrfaglege vurderingar, individuelle konsultasjonar og samtalar med lege, psykolog, fysioterapeut eller smertesjukepleiar. Behandlinga blir starta hos oss, før behandlingsansvaret blir overført til primærhelsetenesta. Dette er ei nyoppretta stilling, og du vil difor få vere med på å forme rolla i samband med innføringa av eit nytt nasjonalt pasientforløp. Som pasientkoordinator vil du ha ei nøkkelrolle i planlegging og koordinering av pasientforløp ved smerteklinikken, og du blir ein del av vårt tverrfaglege team. Teamet arbeider med heilskapleg utgreiing og behandling av pasientar med kroniske smertetilstandar.

📄
Tehtävät
  • Administrere tilvisingar og halde oversikt over ventelister
  • Koordinere og følgje opp pasientforløp for pasientane våre
  • Handtere førespurnader frå pasientar og samarbeidspartnarar via telefon og call-back-teneste
  • Delta aktivt i den daglege drifta ved poliklinikken
  • Samarbeide tett med smertesjukepleiar og bidra i tverrfaglege vurderingar
📄
Vaatimukset
  • Sjukepleiarutdanning er ønskjeleg, men annan relevant helse- eller sosialfagleg utdanning kan også vurderast.
  • God digital kompetanse og evne til å ta i bruk nye arbeidsverktøy og system
  • Erfaring frå arbeid med pasientgruppa eller tilsvarande klinisk verksemd er ein fordel
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
🏷️
Skills
Sjukepleiarutdanning er ønskjeleg men annan relevant helse- eller sosialfagleg utdanning kan også vurderast. God digital kompetanse og evne til å ta i bruk nye arbeidsverktøy og system Erfaring frå arbeid med pasientgruppa eller tilsvarande klinisk verksemd er ein fordel Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
HELSE MØRE OG ROMSDAL HF ÅLESUND SJUKEHUS - SOMATIKK · Ålesund, Møre ja Romsdal · @@Full-time@@
Apply Now Neste stilling

Vilkår og betingelser

CV-konverterte stillinger

CV-konverterte stillinger

CV

Få varsler om nye stillinger som matcher dine kriterier.

Filtre
runtime-projects Rediger filtre