Tannhelsesekretær - ÅSANE TANNKLINIKK - Työpaikka
Åsane tannklinikk søkjer tannhelsesekretær til 100 % fast stilling. Stillinga er ledig frå . Vestland fylkeskommune har ansvar for den offentlege tannhelsetenesta i fylket. Vårt samfunnsoppdrag er å levere tenester av høg kvalitet til våre innbyggarar og dette løyser vi gjennom samarbeid, førebygging og god klinisk praksis. Vi har ein unik kompetanse, tilbyr spesialistbehandling og driv fagleg utvikling og forsking. Gjennom vårt førebyggjande arbeid, forsking og behandling legg vi grunnlaget for god folkehelse i Vestland. Vi er om lag 550 tilsette fordelt på 55 tannklinikkar, ein intern fagstab og vårt kompetansesenter, TkVestland. Åsane tannklinikk har 10 behandlingsrom og til saman 16 tilsette: 6 tannlegar, 3 tannpleiarar og 7 tannhelsesekretærar. Klinikken er lokalisert på Åsane vidaregåande skule, som ligg sentralt i bydelen (mellom Åsane senter og Horisont).
- utføre klinisk assistanse ved tannbehandling
- utføre røntgentaking
- ha ansvar for oppdekking, etterfylling av instrument og materialer
- ha ansvar for reinhald, sterilisering og vedlikehald av utstyr
- halde deg fagleg oppdatert og følgje gjeldande lover, retningsliner og rutiner
- jobbe med ulike administrative oppgåver knytta til pasientbehandling og drift på klinikken
- delta i HMS-arbeid og kvalitetsutvikling
- Norsk autorisasjon som tannhelsesekretær
- Kunne bruke norsk som arbeidsspråk, både skriftleg og munnleg
- Tidlegare klinisk erfaring, gjerne frå offentleg tannhelseteneste, og bruk av journalsystemet Opus
- Godkjend politiattest