Haukeland universitetssjukehus treng fleire dyktige og engasjerte sjukepleiarar og vernepleiarar som kan jobbe ved einingar innan Divisjon Psykisk helsevern.
Oppgi i søknaden i prioritert rekkefølge kva avdeling(ar) du søker. Som nyutdanna må du legge ved karakterutskrift frå sjuke- eller vernepleieutdanninga og 2 referansar frå nokon som har vurdert deg i praksis eller lønt arbeid. Søkarar som av ulike årsaker ønsker redusert stilling blir også oppmoda til å søke.
Det er ledig 100% faste stillingar i Psykiatrisk klinikk. Kandidatar vil bli tilsett i Psykiatrisk klinikk, pt ved ein av desse avdelingane:
* , Seksjon S3 og S4 søker sjukepleiar og vernepleiar, 2-delt turnus og kvar 3. helg med oppstart juni
* , Seksjon S6 søker sjukepleiar/vernepleiar, 2-delt turnus og 3. kvar helg med oppstart snarast
* (RAS) søker sjukepleiar, 2 delt turnus, i sommar kvar 3. helg. ellers kvar 4 helg. Oppstart juni
* , Allmenn døgn har ledig følgande stillingar:
- 100% fast stilling som sjukepleiar/vernepleiar i kombinasjon med Bemanningssenteret. Pt er 50% av stillinga ved Allmenn døgn og 50% er ved Bemanningssenteret. Stillinga ved Allmenn døgn inneber årsarbeidsplan, 2-delt turnus og pt. kvar 3. helg.
- 100% vikariat som sjukepleiar/vernepleiar frå snarast til 31.12.2025, 2-delt turnus og pt. kvar 3. helg. Etter endt vikariat vil stillinga vere vidare 100% fast i Divisjonen eller ved Bemanningssenteret.
* , C1 Tertnes døgn har ledig 100% fast stilling som sjukepleiar. Turnusarbeid, med arbeid pt kvar 5. helg
For følgande stillingar vil det vere sommarvikariat ved avdelinga og ein kan få vidare fast stilling i i føretaket frå hausten.
* , Psykose døgn/ Allmenn døgn søker sjukepleiar/vernepleiar, 2-deltturnus med 3. kvar helg. Ein kan også få 3-deltturn,us eller kun natt
* , Psykose døgn søker sjukepleiar/vernepleiar til 75% stilling på natt i perioden 30.06.-17.08., 50% stilling på natt i perioden 07.07.-10.08. og 80% stilling dag/aften i perioden 30.06.-17.08.
Oppstart i stillinga vil vere frå Juni eller etter nærare avtale med avdelinga. Du kan lese meir om avdelinga ved å trykke på linken i navnet. Kandidatar kan bli innkalt til intervju undervegs i prosessen.
For å oppretthalde samansettinga i personalgruppa oppfordrast menn til å søke.
Akutt psykose, Seksjon S3 er ein akutt, lukka post med 9 sengeplassar og er skjerma eining for menneske med psykoselidingar. Seksjonen er lokalisert til Avdeling Spesialisert Psykosebehandling (ASP) ved Sandviken sjukehus. Opgåvene er m.a. å diagnostisere, ivareta og behandle menneske i akutt fase av sitt psykoseforløp. Parallelt samarbeider vi med instansar utanfor sjukehuset for å trygge utskriving til eigen bustad eller overføring til anna eigna behandlingstilbod. Vi er ei avdeling med eit godt arbeidsmiljø som treng ein tilsett som både har lyst på ei utfordring innan akuttpsykiatri og som kan bidra til å oppretthalde det gode arbeidsmiljøet. Avdelinga er ein spennande og utfordrande arbeidsplass med gode personlege og faglege utviklingsmoglegheiter.
Kontakt: Sigurd Jakobsen, Tlf. 55958530 eller Nora Kjerpeseth Kvellestad, Tlf. 55958734
Akutt psykose, Seksjon S4 er ein akutt, lukka post med 12 sengeplassar og skjerma eining for menneske med psykoselidingar. Seksjonen er lokalisert til Avdeling Spesialisert Psykosebehandling (ASP) ved Sandviken sjukehus. Oppgåvene er m.a. å diagnostisere, ivareta og behandle menneske i akutt fase av sitt psykoseforløp. Parallelt samarbeider vi med instansar utanfor sjukehuset for å trygge utskriving til eigen bustad eller overføring til anna eigna behandlingstilbod. Vi er ei avdeling med eit godt arbeidsmiljø som treng ein tilsett som både har lyst på ei utfordring innan akuttpsykiatri og som kan bidra til å oppretthalde det gode arbeidsmiljøet. Avdelinga er ein spennande og utfordrande arbeidsplass med gode personlege og faglege utviklingsmoglegheiter.
Kontakt: Anja Marie Engh, Tlf. 55958848
Avdeling for Stemningslidingar, Seksjon S6 tilbyr spesialisert utgreiing og behandling på sjukehusnivå til pasientar med stemningslidingar. Avdelinga tilbyr tverrfagleg behandling som blir individuelt tilpassa den einskilde pasient.
Seksjon S6 har 12 plassar. Målgruppa er i hovudsak pasientar med bipolar lidingar, depresjon, mani, affektiv psykose, blandingstilstandar og uavklarte tilstandar. Vi jobbar i tverrfaglege team som består av spesialsjukepleiarar, sjukepleiarar, vernepleiarar, hjelpepleiarar, sosionom, lege, psykiater og psykologspesialist.
Kontakt: Jan Legreid, Tlf. 55958762
Avdeling spiseforstyrringar (RAS) har poliklinikk og døgnavdeling og vi behandlar til ein kvar tid ca 70 pasientar. Ved seksjon for spiseforstyrringar brukar vi kognitiv åtferdsterapi spesielt utvikla for behandling av spiseforstyrringar, i tillegg til annan form for psykoterapi tilpassa den enkelte pasient sin comorbiditet. Vi er eit av dei leiande fagmiljøa innan spiseforstyrringar i Noreg. Vi er ei regional avdeling og vi behandlar dei mest alvorlege sjuke i opptaksområde til Helse Vest. Vi har stort fokus på kompetanseutvikling, kvalitetssikring og utvikling av tilbodet vårt. Vi jobbar heilt konkret saman med pasientane våre slik at dei kan få til endringar systematisk for å bli frisk frå si spiseforstyrring. Vi jobbar tverrfagleg og teamet består av lege, psykolog, sosionom, fysioterapeut og sjukepleiarkollega. Vi har eit engasjert personalet med stor takhøgde for faglege diskusjonar.
Kontakt: Tor Egil Pettersen, Tlf. 97107617
Kronstad DPS er eit lokalsjukehus innan psykisk helsevern for vaksne, sentralt plassert på Danmarksplass, like ved bybanestoppet. DPS`et har ansvar for sentrumsregionen i Bergen (bydelane Bergenhus, Årstad og Ytrebygda). Hovudoppgåvene våre er vurdering, diagnostisering og behandling av pasientar med ulike psykiske lidingar, inkludert rusproblem. Vi har tett samarbeid med fastlegar, kommunehelsetenesta, psykiatrisk klinikk og andre offentlege og private instansar.
Kronstad Allmenn døgn tilbyr korte målretta opphald akutt og elektivt og vi er godt bemanna med kvalifiserte fagpersonar.
Psykose døgn gir tilbod om målretta opphald for pasientar med psykoselidingar. Vi tar imot pasientar både frå Sandviken sjukehus, eigne poliklinikkar og frå fastlegar.
Kontakt Allmenn døgn: Urd Hege Loftesnes, Tlf. 55956201
Kontakt Psykose døgn: Hilde Steinli, Tlf. 55956000
Bjørgvin DSP, C1 Tertnes døgns har 15 sengeplassar der 6 plassar er open frå måndag til fredag. C1 er bemanna med overlege, psykologspesialist, lege i spesialisering, turnuskandidat, psykolog i utdanning og 2 sosionomar i tillegg til erfarne miljøterapeutar med høgskuleutdanning. Døgnposten fungerer som ein open akuttavdeling for opptaksområdet. Oppgåver vil vere sjølvstendig behandlaransvar, psykoedukasjon individuelt og i grupper, administrering og monitorering av medikamentell behandling, somatisk oppfølging og symptom monitorering og pårørande- og nettverksarbeid. Vi ser etter deg som er motivert for å vidareutvikle din terapeutiske kompetanse og likar å arbeide i tverrfagleg team, du evner å arbeide sjølvstendig og arbeide målretta, du bidrar til eit godt arbeidsmiljø, du har god munnleg og skriftleg framstilling og det er viktig at du er engasjert i faget og bidrar aktivt inn i teamet.
Kontakt: Frode Markhus, Tlf. 55957118 eller Øyvind Thomassen, Tlf. 55957120
Øyane DPS, psykose døgnbehandling er ein open døgnseksjon med fokus på rehabilitering av pasientar med psykoseproblematikk. Seksjonen har 8 sengeplassar, derav 2 treningshyblar for rehabilitering over lengre tid. Personalgruppa er tverrfagleg og består av psykiater, psykologspesialist, psykologar, LIS-lege, sjukepleiarar, vernepleiarar, sosionom, hjelpepleiarar, miljøterapeutar og assistentar. Vi har fokus på tverrfagleg samarbeid internt på seksjonen og har tett samarbeid med psykose poliklinikk/FACT, samt andre samarbeidspartnare. I behandling har vi fokus på psykologisk behandling, miljøterapi og medikamentelle tiltak. Ernæring, musikkterapi og fysisk aktivitet er også vesentlige element i behandlinga.
Kontakt: Benedicte S. Tiset, Tlf. 56326669
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Vi tilbyr
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
KontaktinformasjonSjå kontaktperson, oppgitt for dei enkelte stillinganeOm arbeidsgiveren:
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Informasjon om stillinga og arbeidsstadenSogn og Fjordane ungdomssenter, avd. Meltunet, har ledig 50 % stilling som nattevakt, med oppstart april og til januar 2026. Vikariatet er deler av ei nattevakt stilling, og vil innebære at ein jobbar 4 netter i veka, kvar 3. veke, samt noko møtevirksomhet utanom. Hjå oss i Sogn og Fjordane ungdomssenter er ikkje ei nattevaktstilling berre å jobbe natt! Som nattevakt gjer du ein utrulig viktig jobb for ungdomane som bur hjå oss. Du bidreg til omsorg, struktur og tryggheit - som igjen gir ungdomane hjå oss moglegheit til utvikling. Vår turnus for nattevakter er lagt opp til at ein jobbar 2 stykk saman i eit "nattevaktsteam". I turnus er det lagt opp til at ein deltek på faste fagmøter med resten av arbeidsgruppa, og har slikleis mogligheit for fagleg...
Nissedal legekontor treng ein engasjert og dyktig lege med på laget! Stillinga er ledig frå 1. september 2025, og er ei 100 % fastløna stilling med listetak på 700 pasientar.Nissedal legekontor ligg idyllisk til ved vannkanten av innsjøen Nisser i sentrum av Treungen. På legekontoret er det to fastlegar (kommuneoverlege og kommunelege II) og turnuslege, samt sjukepleiar og legesekretær. Her vil du bli ein del av eit særdeles godt arbeidsmiljø, med pasientomsorg og fagutvikling i fokus. Legekontoret er organisert under helseavdelinga. Løn og andre arbeidsvilkår etter avtale.Har du ynskje om å starte spesialisering i allmennmedisin, så har vi god erfaring med veiledning og oppfylgjing, og vil tilrettelegge for det!Vi søkjer etter deg som er god på oppfylgjing av pasientar, er strukturert, l...
Vil DU bli vår kollega til sommaren? Vi treng deg som er motivert til å gjere det beste for våre pasientar og deira pårørande. Vi ønskjer deg velkomen som søkjar, og vil gjere vårt beste for at du skal trivast.Avdeling for sjukehuspsykiatri SNR har behov for ferievikarar til ulike stillingar sommaren 2025. Vi treng sjukepleiarar, vernepleiarar og studentar innan sjukepleie, vernepleie, psykologi og sosionom. Det er behov i perioden f.o.m. veke 22 t.o.m. veke 35.Informasjon til søkjarenTilsetjing vil skje fortløpande. Dersom du har jobba hos oss tidlegare, er det fint om du kan spesifisere kvar og når i søknadsteksten din. I søknaden må det kome fram kva seksjon og kva tid i den aktuelle perioden du ønskjer å arbeide. Du må rekne med å arbeide annankvar helg. Det kan påreknast ei til to v...
Vil DU bli vår kollega til sommaren? Vi treng deg som er motivert til å gjere det beste for våre pasientar og deira pårørande. Vi ønskjer deg velkomen som søkjar, og vil gjere vårt beste for at du skal trivast.Klinikk Ålesund sjukehus og Klinikk for kreft og rehabilitering treng ferievikarar til ulike stillingar sommaren 2025. Vi treng sjukepleiarar, anestesisjukepleiarar/ spesialsjukepleiarar, helsefagarbeidarar, pleieassistentar og studentar innan sjukepleie, ergoterapi, fysioterapi, helse- og sosialfag og medisin. Stillingane inneber både dag-, kveld- og nattevakter. Det er behov ved desse seksjonane i perioden f.o.m. veke 22 t.o.m. veke 35. Klinikk Ålesund sjukehusMedisinsk sengepost 1, 2 og 5Ortopedisk og revmatologisk sengepost Kirurgisk sengepost 1 og 2Sengepost for barn og ungdom...
Ekstrajobb som tilkallingsvikar hjå Stendi på Voss Er du sjukepleiar eller vernepleiar og ynskjer ein ekstrajobb? Me i Stendi Omsorgstenester på Voss ser etter tilkallingsvikarar til natt, dag- og langvakter i våre tiltak! Dette er ei fin moglegheit for deg som vil ha ei ekstra inntekt, eller for studentar innan vernepleie eller sjukepleie. Hos oss får du: Eit godt og fagleg sterkt arbeidsmiljøVerdifull erfaring innan døgnbasert omsorg, klinisk pleie og psykiatri. Arbeidsstad: VossStillingstype: Tilkalling Passar dette for deg? Send oss ein søknad! Elektronisk søknad skal benyttes via "søk på stilling" knappen på siden. Stendi - saman gjer me ein skilnad!Om arbeidsgiveren:Stendi er Norges største private leverandør av omsorgstjenester, med et landsdekkende tilbud innen heldøgns bo- og om...
Vil du bidra i tverrfagleg behandling ved Folgefonn DPS?FACT er eit fleksibelt og aktivt oppsøkjande behandlingsteam, der ein jobbar tett saman på tvers av fag. Teamet består av lege, psykolog, erfaringskonsulent, sjukepleiar, vernepleiar, sosionom og arbeidsspesialist (IPS).Folgefonn DPS er ein del av klinikk for psykisk helsevern i Helse Fonna HF, og har ansvar for allmennpsykiatriske spesialisthelsetenester i kommunane Kvinnherad og Ullensvang – eit område med om lag 20 000 vaksne innbyggjarar.På Valen finn du også Treningspoliklinikk, TSB poliklinikk og ei døgnpost med 12 plassar, med godkjenning for tvunge psykisk helsevern. Samarbeidet mellom døgnavdelinga, FACT-teamet og kommunehelsetenesta er godt etablert, med mål om å gi eit heilskapleg og koordinert behandlingstilbod for pasient...
Opplev ei meningsfylt karriere som Jordmor!Har du lyst på ein spennande, givande og fagleg utfordrande jobb? Vi har ledige stillingar for jordmor:3 x 100 % vikariat 01.04.25 - 12.10.251 x 75 % vikariat 01.04.25 - 12.10.25 Seksjon føde/barsel i Ålesund har ca 1 200 fødslar i året, og vi tilbyr et dynamisk arbeidsmiljø med fokus på normalfødsler og spesialisert fødselshjelp. Hos oss jobber vi i team og har fokus på kvalitet, fagligutvikling og tverrfaglig samarbeid. Vårt mål er å skape ein trygg og omsorgsfull opplevelse for våre pasientar gjennom heile svangerskaps-fødsels- og barselperioda. Vi er ei avdeling med godt arbeidsmiljø, og ønsker deg velkomen som søkjar til ein meningsfylt arbeidsdag! ArbeidsoppgåverSom jordmor hos oss rullerer du mellom føde og barselseksjonenFødeseksjonen har...
Har du lyst å jobbe i ei fast 100% stilling, eller i eit vikariat 74% på natt? Då er du velkomen til å søkje, tilsetting frå snarast etter avtale med leiar.Kan du vere den vi leitar etter? Her vil du bli ein del av eit inkluderande og spennande team, med høg fagleg kompetanse. Har du relevant videreutdanning, er det berre eit pluss. Har du faglege ambisjonar, kan det bli aktuelt med vidareutdanningar knytt til fagområda i seksjonen.Vi står på farta til å flytte til nytt akuttsykehus for Nordmøre og Romsdal, der vil seksjonen innehalde generell nevrologi, slag og ortogeriatri. Er du interessert eller har spørsmål om seksjonen eller fagområda våre; håper vi at du tek kontakt.I seksjonen vår kjem pasientane inn som ø-hjelp eller elektivt/planlagt. Ved interne omrokkeringar, kan andre stillin...
Haukeland universitetssjukehus treng fleire dyktige og engasjerte sjukepleiarar og vernepleiarar som kan jobbe ved einingar innan Divisjon Psykisk helsevern.Oppgi i søknaden i prioritert rekkefølge kva avdeling(ar) du søker. Som nyutdanna må du legge ved karakterutskrift frå sjuke- eller vernepleieutdanninga og 2 referansar frå nokon som har vurdert deg i praksis eller lønt arbeid. Søkarar som av ulike årsaker ønsker redusert stilling blir også oppmoda til å søke. Det er ledig 100% faste stillingar i Psykiatrisk klinikk. Kandidatar vil bli tilsett i Psykiatrisk klinikk, pt ved ein av desse avdelingane: * , Seksjon S3 og S4 søker sjukepleiar og vernepleiar, 2-delt turnus og kvar 3. helg med oppstart juni * (RAS) søker sjukepleiar, 2 delt turnus, i sommar kvar 3. helg. ellers kvar 4 helg...
Vi tilbyr minsteløn på kr 596 400,- uavhengig av ansiennitet. Det er ønskeleg at du kan arbeide full stilling i tredelt turnus i heile ferieperioden (veke 25 - 32). Eining for omsorg har ansvar for helse- og omsorgstenester til dei som bur eller oppheld seg i kommunen og består av Åseralsheimen og heimetenesta.Åseralsheimen er eit nytt og flott omsorgsbygg. Her har vi 5 sjukeheimsplassar, 2 plassar på korttidsavdeling (korttidsopphald/avlastning/kommunal augeblikkeleg hjelp), 13 omsorgsbustadar kor 5 av desse er på skjerma avdeling for demente. Heimetenesta yt tenester til heimebuande som heimesjukepleie, praktisk bistand, helseteknologi og middagsombringing frå eige kjøkken på Åseralsheimen. Det er tett samarbeid mellom Åseralsheimen og heimetenesta, og som sjukepleiar vil du få oppgåver ...
Har du lyst å bli vår kollega i eit spennande tverrfagleg miljø?Vi har ledig 1 fast stilling, 100 % turnus med tredje kvar helg, evt langvakter kvar fjerde helg. Startdato etter avtale.Seksjonen er ein lukka seksjon med ansvar for pasientar frå Nordmøre og Romsdal. Til seksjonen vert det mellom anna søkt planlagte innleggingar der det ofte vert bede om utgreiing i samansette problemstillingar, psykoselidingar og tilstandar i skjeringsfeltet psykiatri/ somatikk.Vi har 11 sengeplassar og er lokalisert i det nye akuttsjukehuset på Hjelset( SNR) i Psykiatri og -Habiliteringsbygget. Vi har 5 plasser for planlagt innlegging og utgreiieng, og 6 plasser tilpasienter til utgreiing og diagnostisering av psykoselidelse. I seksjonen har vi 2,6 overlegestillingar, 2 stillingar for LIS, 1 stilling fo...
Vi søker nye, flinke medarbeidarar! Øyane DPS er eit av tre DPS som høyrer inn under divisjon psykisk helsevern ved Haukeland universitetssjukehus. Vi held til på Sotra, ca 15-20 minutt frå Bergen.Allmenn døgnseksjon har 8 sengeplassar og er ein open seksjon som primært tilbyr korttidsbehandling, og er ledd i ein behandlingskjede for menneske med allmennpsykiatriske lidingar. Vi mottar pasientar frå fastlege, AAT, Psykiatrisk klinikk, mottakspost PAM og somatiske avdelingar på Haukeland sjukehus. Allmenndøgn har tett samarbeid med allmennpoliklinikken og AAT.Det er ønskeleg at du har erfaring frå døgnpost og at du likar å ha ein variert arbeidskvardag. Vi ønsker at du er løysingsorientert, samarbeidsvillig og at du kan bidra positivt inn i eit godt arbeidsmiljø. Avdelinga er ein spennande...
Avdeling Stemningslidingar tilbyr spesialisert utgreiing og behandling på sjukehusnivå til pasientar med stemningslidingar. Målgruppa er pasientar med bipolare lidingar, alvorleg depresjon, affektive psykosar og blandingstilstandar. Avdelinga tilbyr tverrfagleg, spesialisert behandling som blir individuelt tilpassa den einskilde pasient. Seksjon S6 er ein lukka korttidsseksjon med 12 døgnplassar og tilbyr mellom anna miljøterapi, medikamentell behandling, psykoterapi, kronoterapi og fysisk aktivitet. Vi har eit godt og kompetent arbeidsmiljø og søker etter to sjukepleiarar og ein vernepleiar, gjerne med vidareutdanning i psykisk helsearbeid/rus/Seprep til tre faste 80% stillingar på natt med arbeid pt kvar 3. helg. Tiltredelse etter nærare avtale. For å oppretthalde samansettinga i persona...
Vil DU bli vår kollega til sommaren? Vi treng deg som er motivert til å gjere det beste for våre pasientar og deira pårørande. Vi ønskjer deg velkomen som søkjar, og vil gjere vårt beste for at du skal trivast.SNR Hjelset treng ferievikarar til ulike stillingar sommaren 2025. Vi treng sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, pleieassistentar, assistentar og studentar innan sjukepleie og medisin. Det er behov ved desse seksjonane i perioden f.o.m. veke 23 t.o.m. veke 34:Sengeområde gastromedisin og lungeSengeområde infeksjon, endokrinologi, nyre og hjerteMedisinsk poliklinikkDialyseSeksjon for kirurgiske fag, ØNH og gynSeksjon for nevrologi, hjerne og ortogeraitriKirurgisk poliklinikk og dagkirurgiAkutt 24Informasjon til søkjarenTilsetjing vil skje fortløpande. Som ferievikar vil du bli fordelt ...
Om Tednebakkane OmsorgssenterTednebakkane Omsorgssenter ligg i naturskjøne omgivnadar med utsikt mot Hjeltefjorden på Rong . Vi er ein liten sjukeheim med ei somatisk avdeling, ei demensavdeling og ei skjerma avdeling med til saman 45 sengeplassar. I tillegg har vi eit dagtilbod med opp til 12 plassar.Vi har eige kjøkken og kantine. Fagdekninga er god og trivselen er i fokus.Ønskjer du å være ein del av vårt trivelege felleskap, er du hjarteleg velkommen til å søke jobb hos ossVi har no ledig 2 x 80% fast stilling som sjukepleiar/vernepleiar80 % stilling i forsterka skjerma avdeling , årsturnus med langvakter og arbeid kvar 4 helg. Oppstart 21.04.202580% stilling på demensavdeling , årrsturnus med arbeid kvar 3 helg. Det vil være mogleg å ønske langvakter med arbeid kvar 4 helg. Oppstart ...
Postoperativ Glasblokkene er ein del av kirurgisk serviceklinikk (KSK), som er ein av dei større klinikkane ved Haukeland universitetssjukehus. KSK har medansvar for varierte og høgspesialiserte tenester knytt til akuttmedisin, intensivmedisin og operasjonsverksemd, samt smerte behandling og palliasjon. Klinikken har stor undervisnings- og forskingsaktivitet. KSK er delt i sju avdelingar, der ei av avdelingane er Intensive- og postoperativ avdeling (IPA) med fire seksjonar. Kvar seksjon er leia av ein seksjonsleiar med personal- og resultatansvar.Postoperativ Glasblokkene er ein ny seksjon starta i november 2023. Vi er ein seksjon med fag- og overvakings kompetanse innanfor gynekologi, obstetrikk, barnekirurgi, endokrinologi og augeoperasjonar. Vi er lokalisert over 2 etasjar i Glasblokken...
Vi søker ein vikar til vår assisterande leiarkollega. Som assisterande seksjonsleiar blir du ein del av leiargruppa i Intensiv- og postoperativ avdeling (IPA), og rapporterer til seksjonsleiar på Postoperativ Glasblokkene. Vi ser etter ein engasjert, fleksibel og løysingsorientert person som vil bidra til eit godt arbeidsmiljø og tilstrebe den beste pasientbehandlinga. Er det deg? Då er dette stillinga for deg!Postoperativ Glasblokkene er ein del av kirurgisk serviceklinikk (KSK), som er ein av dei større klinikkane ved Haukeland universitetssjukehus. KSK har medansvar for varierte og høgspesialiserte tenester knytt til akuttmedisin, intensivmedisin og operasjonsverksemd, samt smerte behandling og palliasjon. Klinikken har stor undervisnings- og forskingsaktivitet. KSK er delt i sju avdel...
Ønskjer du å utgjere ein forskjell og bli vår nye kollega? Me ser etter deg som er oppteken av å byggje gode relasjonar, og som har arbeidsglede og interesse for fagfeltet.Me har ledig 65 % fast stilling som miljøterapeut i Psykisk helse og rus, avd. miljøtenesta. Stillinga er todelt turnus med arbeid 3. kvar helg. Miljøtenesta tilbyr praktisk og personleg vegleiing og hjelp til heimebuande i heile kommunen, med fokus på å bidra til auka meistring i eige liv. Me ser fram til å høyre frå deg som ønskjer å bli ein del av vårt omsorgsteam! Oppstart etter avtale. For meir informasjon om verksemda vår, Psykisk helse og rus ArbeidsoppgåverGje individuelle tenester i tråd med tenestemottakar sine behov og vedtak.Miljøarbeid.Praktisk bistand med opplæring.Samarbeid med pårørande.Tverrfagleg samar...
Ledige stillingar på Ulvik omsorgstun, heimetenestene og legekontorTidsrom: 20.juni -- 20. augustAldersgrense: 18 årMe har behov for pleiemedarbeidar, pleiemedarbeidar natt, medhjelpar legekontor, sjukepleiar og helsefagarbeidar.Har du helsefagleg bakgrunn eller erfaring, er du under relevant utdanning eller er du ufaglært men motivert og personleg eigna ynskjer me å høyre frå deg!Send inn ein søknad der du skildrar kva du ynskjer å jobbe med hos oss sommaren 2025.Om du har spørsmål ta kontakt med kommunalsjef helse og velferd, Torstein Kvåle Hellesnes på telefon: 40007136, eller e-post: Søknadsfrist: 14. mars 2025#Sommarjobb #Sommarjobbivest #SommerjobbivestOm arbeidsgiveren:Om UlvikIdyllisk plassert inst i Hardangerfjorden, finn du Perla i Hardanger, Ulvik.Spektakulær natur frå fjord til...
Har du høgskule eller universitetsutdanning innan helse og sosialfagleg arbeid? Brenn du for å arbeide innan fagfeltet rus og psykisk helse? Då kan dette vere stillinga for nettopp deg! Stillinga inneber arbeid på dagtid (p.t) mandag-fredag.Avdeling for psykisk helse og rus er ein del av Bu- og Rehabiliteringstenestene i Sykkylven. Eininga består også av to avdelingar for vaksne med funksjosvariasjonar og avdeling for barne- og avlstningstenester. Psykisk helse- og rus er ei tverrfagleg samansett teneste med psykolog, vernepleiar, sjukepleiar og sosionomar som gir tenester tilpersonar med utfordringar/lidigar innan psykisk helse og/eller rusmiddelbruk. Som ein del av tenesta skal du bistå til å gi eit godt tilbod til innbyggjarane i Sykkylven kommune i form av miljøterapeutisk oppfylging, ...