Ved Høgskulen på Vestlandet er det ledig stilling som stipendiat innan Litteraturdidaktikk ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.
Om stillinga:
Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett (FLKI), campus Bergen, er det ledig ei åremålsstilling som stipendiat innan Litteraturdidaktikk. Stillinga er knytt til prosjektet (Negotiating Values in Teacher Education) med finansiering frå Norges Forskningsråd (NFR) 2025-2028.
Som stipendiat i NeVa vil du delta i utvikling av ny kunnskap om korleis skulen sine overordna verdiar blir forhandla om i undervisning og pensum i lærarutdanninga. Stipendiaten i litteraturdidaktikk vil særleg vere knytt til NeVas arbeidspakke 2, som stiller følgjande forskingsspørsmål:
I tillegg vil stipendiaten vere del av HVL sitt fagmiljø innan litteraturforsking gjennom deltaking i forskargruppa .
Phd-prosjektet kan rammast inn som tekststudium av pensumlitteratur i lærarutdanninga eller som kvalitativ undersøking av litteraturundervisning. Ein kombinasjon vil og vere i tråd med NeVa si målsetting. NeVa fokuserer på forhandlingar knytt til følgande tre verdiar i LK20 si overordna del: menneskeverd, identitet og kulturelt mangfald, kritisk tenking og etisk medvit. Prosjektet må vere tematisk knytt til fortolkings- og forhandlingsprosessar om minst ein av desse verdiane.
Forskingsprosjektet er eit samarbeid mellom Høgskulen på Vestlandet (HVL), Universiteta i Agder (UiA) og Stavanger (UiS), York og Bedfordshire (Storbritannia). Stipendiaten vil få forskingssamarbeid med institusjonane som er med i NeVa-prosjektet og vert oppmoda om å søkje utanlandsopphald i løpet av stipendiatperioden. NeVa sine samarbeidspartnarar i Storbritannia er aktuelle vertsinstitusjonar.
Fakultetet si forsking er organisert i eitt forskingssenter, fem strategiske forskingsprogram og 49 forskargrupper. Ei oversikt over forskingsorganiseringa ved fakultetet finn du HER. Dette prosjektet høyrer inn under forskingsprogrammet Språk, kommunikasjon og læring ().
Stipendiatprosjektet må vere tematisk relevant for fakultetet si forskingsverksemd og for ph.d.- programmet "Danning og didaktiske praksisar". Ph.d.-programmet omfattar om lag 80 stipendiatar som alle er i gang med sitt ph.d.-prosjekt. Sjå omtale, studieplan og opptakskrav for programmet .
Samla stipendiatperiode er tre år. Det er ein føresetnad at den som vert tilsett har arbeidsplassen sin ved HVL, campus Bergen i tilsettingsperioden.
Det vil bli gjort frådrag i tilsettingsperioden for eventuell tidlegare rekrutteringsperiode.
Det er ønskeleg med tiltreding 1.8.2025.
Som stipendiat er oppgåva di å:
• delta i utvikling av ny kunnskap om korleis skulen sine overordna verdiar blir forhandla om i undervisning og pensum i lærarutdanninga
• vere knytt til forskingsprosjektet NeVa med hovudvekt på litteraturforsking og litteraturdidaktikk
Stipendiaten skal inngå i eit opplæringsprogram for ph.d.-grad innanfor ei tidsramme på 3 år utan pliktarbeid. Stipendiatstillinga er ei rekrutteringsstilling, og i tillegg til å gjennomføre ph.d.-prosjektet er det forventa at den som blir tilsett skal:
Søkjar må ha fullført mastergrad, hovudfag eller tilsvarande i nordisk/engelsk litteratur / litteraturdidaktikk eller allmenn litteraturvitskap og kunne dokumentere gode studieresultat.
Det er ein føresetnad at stipendiaten vert teke opp på ph.d.-programmet «Studiar av danning og didaktiske praksisar» ved HVL og oppfyller
Søkjarar må leggje ved ei prosjektskisse på 5 sider (litteraturlista kan koma i tillegg) som kortfatta, men med tydeleg forankring i relevant forskings- og metodelitteratur på feltet, grunngjev tema/problemstilling og val av teori og metodisk tilnærming for eit potensielt prosjekt. Denne vert brukt i vurdering av kvalifikasjonane til kandidaten. Prosjektskisser av høg vitskapleg kvalitet på forskingsområde til FLKI vil bli prioritert.
Normalt vil det vere ein føresetnad at søkjar har følgjande karakterar:
Søkjarar med mastergrad utan pedagogisk eller didaktisk komponent må dokumentere minimum 5 stp. pedagogisk utdanning eller 1 års heiltidspraksis frå pedagogisk/didaktisk arbeid.
Nærmare informasjon om doktorgradsprogrammet finn ein . Søknad om opptak til dette ph.d.-programmet skal først sendast ettereventuell tilsetting. Seinast 3 månader etter tilsetting må stipendiaten vere teken opp på ph.d.-programmet. I denne perioden vidareutviklar stipendiaten prosjektskissa si til ei fullverdig prosjektskildring under rettleiing og søkjer om opptak i ph.d.-programmet. Nærare informasjon om korleis du søkjer opptak til ph.d.-programmet finn du . Stipendiatar som vert tilsett vil bli oppmoda om å søkje utanlandsopphald i løpet av stipendiat perioden.
Ønska kvalifikasjonar:
Personlege eigenskapar:
Den som vert tilsett må ha
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillingen” på denne sida.
Vi gjer merksam på at søknader vert vurdert ut frå den informasjon som er lagt inn i ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, herunder;
Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Om vedlegga overskridar 25 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje, total maksgrense for opplasting av vedlegg er 50 MB.
Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga samsvarar med norsk bachelor-, master-eller ph.d.-grad.
HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette.
Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din.
Søkjarar til stipendiatstillingar vert vurdert av ein bedømmingskomité. Bedømminga skjer på bakgrunn av dokumentert kompetanse og andre krav fastsett i utlysinga. På bakgrunn av komitéen si innstilling vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju.
Tilsettingsorgan er tilsettingsutvalget/råd ved Høgskulen på Vestlandet.
Søknadene vert sendt elektronisk til bedømmingskomitéen.
Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskolen.
Stillinga som stipendiat vert lønna i stillingskode 1017 - Stipendiat. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.
Frå lønna vert det trekt 2 % innskudd til Statens pensjonskasse. Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinjer som til ein kvar tid gjeld for stilling.
Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista vert handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, vert varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, personar med nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Høgskulen på Vestlandet er underlagt forskrift for eksportkontrollsystem. Forskriften kan komme til anvending i behandlingen av søknadane.
1) Prosjektleiar Jena Habegger-Conti, Email
2) Instituttleiar Tom Rune Kongelf, 57 67 63 37, Email
Om arbeidsgiveren:
Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 17 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6600 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.
Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking har omlag 160 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord.
Instituttet gjev undervisning på alle nivå og er involvert i barnehagelærarutdanninga, grunnskulelærarutdnningane, og i bachelorutdanninga i teiknspråk og tolking. I tillegg bidreg instituttet i to-årige masterutdanningar og i Ph.d.-programmet Studier av danning og didaktiske praksisar. Instituttet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod.
Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltar i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet har som mål å vere i front av skule- og profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt. I denne samanhengen er vi i kontinuerleg samarbeid med viktige aktørar i regionen om til dømes vidareutdanning og skule- og barnehagebasert kompetanseutvikling.
UiB - Kunnskap som formar samfunnetGjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.Vil du vere med å forme framtida?. Video: Om stillingaVed Det juridiske fakultet er det ledig ei stilling som postdoktor knytt til prosjektet ‘Unge lovbrytere: Vurderinger av strafferettslig utilregnelighet og voldsrisiko for barn som er over den kriminelle lavalder’ (CHILDCRIM). Stillinga er for ein periode på tre år, som kan bli forlenga inntil fire år dersom den som vert tilsett også er kvalifisert til å undervise på dei obligatoriske emna på fakultetet sitt masterprogram. Tiltreding er 15. juni 2025 eller etter avtale.Stillinga som postdoktor er ei åremålsstilling som har som mål å kvalifisere fo...
Om stillingenUniversitetet i Stavanger har ledig stilling som stipendiat i politikk og samfunnsvitenskap ved Det samfunnsvitenskapelige fakultet, Institutt for medie- og samfunnsfag. Stillingen gir mulighet til å gjennomføre et originalt forskningsprosjekt om hvordan høyt utdannede fagpersoner oppfatter og håndterer eksponering for Al-relaterte teknologiske endringer, og hvordan dette påvirker deres sosiale og politiske holdninger og atferd. Gjennom prosjektet vil du utvikle dybdekunnskaper om sosiale og politiske effekter av teknologiske endringer og "AI-revolusjonen". Du vil også få praktiske ferdigheter i samfunnsvitenskapelige og medievitenskapelige forskningsmetoder, spesielt kvalitative metoder. Dette er en utdanningsstilling som i hovedsak skal gi lovende forskere anledning til fag...
UiB - Kunnskap som formar samfunnetGjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.Vil du vere med å forme framtida?. Video: Om stillingaVed Det juridiske fakultet er det ledig ei stilling som postdoktor knytt til prosjektet ‘Unge lovbrytere: Vurderinger av strafferettslig utilregnelighet og voldsrisiko for barn som er over den kriminelle lavalder’ (CHILDCRIM). Stillinga er for ein periode på tre år, som kan bli forlenga inntil fire år dersom den som vert tilsett også er kvalifisert til å undervise på dei obligatoriske emna på fakultetet sitt masterprogram. Tiltreding er 15. juni 2025 eller etter avtale.Stillinga som postdoktor er ei åremålsstilling som har som mål å kvalifisere fo...
About the positionThe Department of Preclinical Sciences and Pathology (Immunology), Faculty of Veterinary Medicine at the Norwegian University of Life Sciences (NMBU) has a vacant 3-year PhD position related to the development of mRNA-based immunotherapies.Lymphosarcoma (LSA) is one of the most common malignant canine tumours, and diffuse large B-cell lymphoma (DLBCL) has a high translational value to human non-Hodgkins’s lymphoma. Despite the success of immunotherapy in human patients, there are few immunotherapeutic options for dogs with LSA. The candidate will be responsible for assessing a new mRNA-based immunotherapeutic drug in a preclinical setting under the supervision of a team of scientists with broad experience in relevant scientific fields. The candidate will participate in d...
Western Norway University of Applied Sciences, Faculty of Technology, Environmental and Social Sciences has a open position for PhD Research Fellow in AI Integration in the New Nordic Energy Balance ModelAbout the position:The Department of Computer Science, Electrical Engineering and Mathematical Sciences at Western Norway University of Applied Sciences, has a vacancy for a research fellow (PhD position) for a period of 4 years, in data-driven techniques for improving energy-balance model and hydropower optimizationThe PhD research fellow will be part of the PhD programme in Computer Science: Software Engineering, Sensor Networks and Engineering Computing (). The research programme in Computer Science currently includes 20 professors and associate professors, more than 30 PhD and post-doc...
UiB - Kunnskap som formar samfunnetGjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.Vil du vere med å forme framtida?. Video: StipendiatVed ved Universitetet i Bergen er det ledig ei stilling som stipendiat i anvendt og utrekningsorientert matematikk. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning). Stillinga er knytt til (Center for Sustainable Subsurface Resources (CSSR)).Om prosjektet/arbeidsoppgåver:Den som vert tilsett, vil bidra til utvikling av allsidige analyseverktøy for data frå eksperimentell forsking på porøse medium.Stillinga er knytt til Matematisk Institutt og vil samarbeide te...
This is NTNUNTNU is a broad-based university with a technical-scientific profile and a focus in professional education. The university is located in three cities with headquarters in Trondheim.At NTNU, 9,000 employees and 43,000 students work to create knowledge for a better world.You will find more information about working at NTNU and the application process . Video: About the positionAre you motivated to take a step towards a doctorate and open up exciting career opportunities? As a PhD Candidate with us, you will work to achieve your doctorate, and at the same time gain valuable experience that qualifies you for a further career in higher education and research, in and outside academia.The NTNU Marine Chemistry & Biogeochemistry Group within the Department of Chemistry, Faculty of S...
Om stillingenVed Handelshøyskolen ved Universitetet i Agder, er det ledig inntil to (2) midlertidige 100 % stillinger som universitetslektor i markedsføring, for en periode på ett år, med mulighet for forlengelse. Stillingen er tilknyttet Institutt for ledelse og innovasjon. Arbeidssted er Campus Kristiansand. Tiltredelse etter avtale med fakultetet., som er AACSB-akkreditert, har ca. 2000 studenter og ca. 140 ansatte. Fakultetet er organisert i tre institutter som tilbyr studier innen økonomi og administrasjon, ledelse, markedsføring, entreprenørskap og innovasjon, samt rettsvitenskap.ArbeidsoppgaverUndervisning i ulike spesialiseringer i markedsføring faget. Koordinering av studieprogrammetOppgaveveiledningNødvendige kvalifikasjonerRelevant mastergrad, fortrinnsvis med fordyping eller s...
Om stillingenEr du klar for en spennende mulighet? Ved , Det helsevitenskapelige fakultet ved UiT, er det ledig en stilling som stipendiat i forskningsgruppen . Stipendiatstillingen er tilknyttet et nasjonalt forskningsprosjekt om skolefravær. Stillingen gjelder for en periode på fire år i 100 % stilling. Ph.d.-studiet er normert til tre år. Det fjerde året, fordelt med 25 % pr år, skal brukes til undervisning, tjenestestøtte eller andre arbeidsoppgaver ved RKBU Nord. Stipendiatstillingen er en utdanningsstilling og har fullført forskerutdanning fram til doktorgrad/ph.d. som mål. Opptak til doktorgradsprogram er en forutsetning for ansettelse og studieperioden starter ved tiltredelse i stillingen.Arbeidsstedet er i Tromsø og stipendiaten blir knyttet til ph.d.-programmet ved Det helseviten...
Om stillingenVed Fakultet for teknologi, naturvitenskap og maritime fag er det ledig fast 100% stilling som førsteamanuensis/universitetslektor i skipsfart, logistikk og distribusjon med tiltredelse 01.08.2025 eller etter avtale. Stillingen er knyttet til Institutt for maritime operasjoner, og nærmeste overordnede er instituttleder. Hovedarbeidssted er campus Vestfold.Ansvar og arbeidsoppgaverArbeidsoppgaver og ansvarsoppgaver vil omfatte:Undervisning og veiledning i emner på bachelor og masternivå, primært innen skipsfart, logistikk og distribusjon Utvikling av emner og kursDeltagelse i prosjekter og oppdragsvirksomhet herunder utarbeidelse av søknader og prosjektledelse.Stillingen er naturlig koblet til forskningsgruppen MARLOG.Undervisning på alle nivåer ved undervisningsløp knyttet til...
A 3-year PhD fellowship is available at the Department of Immunology, Oslo University Hospital. The position will be located in the lab of Dr. Rasmus Iversen and will be available from August 2025. The research fellow will be enrolled in the PhD program of the Faculty of Medicine, University of Oslo, with the goal of successful completion of the PhD degree within the fellowship period. The research group focuses on B cell biology - in particular in relation to autoimmune diseases. Recently, B cell depletion therapy has emerged as a promising treatment for several autoimmune disease. However, we do not fully understand the pathogenic role of B cells. To gain insight into disease mechanisms, we employ a combination of biochemical studies and high-throughput sequencing analyses of single cell...
OsloMet - storbyuniversitetet er Norges tredje største universitet med 23 000 studenter og over 2600 ansatte. Vi har campus i Oslo sentrum og på Romerike. OsloMet leverer forskning og utdanning med høy relevans for arbeidslivet, velferdsstaten og storbyregionen.Fakultet for samfunnsvitenskap tilbyr utdanninger på alle gradsnivåer, samt årsstudier, videreutdanninger og oppdragsundervisning. Fakultetet har et aktivt forskningsmiljø. Det er om lag 280 tilsatte og rundt 4400 studenter knyttet til fakultetet, som holder til i Pilestredet i Oslo sentrum.Institutt for arkiv-, bibliotek- og informasjonsfag er Norges ledende fagmiljø innen bibliotek og arkiv, og er lokalisert i Oslo, med ca 42 medarbeidere og ca 700 studenter. Instituttet er en del av iSchools og tilbyr utdanning og forskning innen...
Position summary:Oslo University Hospital (OUS) is Norway’s largest biomedical research institution. We are seeking a motivated postdoctoral researcher in a 100 % position for three years, to join a multidisciplinary team investigating the dynamic evolution of colorectal cancer (CRC) from primary tumors to liver metastases. This position will focus on dissecting molecular and phenotypic differences between primary tumors and liver metastases using patient-derived organoids (PDOs), advanced live-cell imaging, and spatial transcriptomics. By integrating these cutting-edge methodologies with clinical data from the SYLMET trial (simultaneous vs. staged resection of CRC liver metastases), the project aims to uncover mechanisms of metastatic adaptation and identify biomarkers for personalized th...
Om stillingenVi søker deg som har et engasjement for eldre og som gjennom forskning og undervisning ønsker å bidra til en bedre hverdag for hjemmeboende eldre.Ved fakultet for helse- og sosialvitenskap, Universitetet i Innlandet (INN) ved campus Elverum er det ledig en stilling som stipendiat fra 01.09.2025 innen fagområdet helsetjenester til eldre. Stillingen er for en åremålsperiode på fire år, der 25 % av tiden er bestående av karrierefremmende arbeid knyttet til forskning, undervisning og formidling med tilknytning til den tverrfaglige videreutdanningen i eldreomsorg med vekt på psykisk helse, ved institutt for helse og sykepleievitenskap (IHS). Endelig plan for forskerutdanningen skal være godkjent og avtalefestet senest innen tre måneder etter tiltredelse. Som stipendiat ved INN vil ...
This is NTNUNTNU is a broad-based university with a technical-scientific profile and a focus in professional education. The university is located in three cities with headquarters in Trondheim.At NTNU, 9,000 employees and 43,000 students work to create knowledge for a better world.You will find more information about working at NTNU and the application process . Video: About the positionAre you motivated to take a step towards a doctorate and open up exciting career opportunities? As a PhD Candidate with us, you will work to achieve your doctorate, and at the same time gain valuable experience that qualifies you for a further career in higher education and research, in and outside academia.Your immediate leader will be the Head of Department.About the proposalThe PhD candidate should de...
This is NTNUNTNU is a broad-based university with a technical-scientific profile and a focus in professional education. The university is located in three cities with headquarters in Trondheim.At NTNU, 9,000 employees and 43,000 students work to create knowledge for a better world.You will find more information about working at NTNU and the application process . Video: About the positionThe Norwegian University of Science and Technology (NTNU) has a vacancy for a PhD Candidate in the Norwegian Research Centre for Renewal of Hydropower Technology, (). RenewHydro is a new research center for environmentally friendly energy that will develop hydropower to be more flexible and contribute to more sustainable renewable energy. With increased cooperation and new knowledge in technology, marke...
This is NTNUNTNU is a broad-based university with a technical-scientific profile and a focus in professional education. The university is located in three cities with headquarters in Trondheim.At NTNU, 9,000 employees and 43,000 students work to create knowledge for a better world.You will find more information about working at NTNU and the application process . Video: About the positionThe Department of Energy and Process Engineering has a vacancy for a 3 or 4-year PhD position in microscale fluid mechanics. The start date is no later than August/September 2025. The location for this PhD position is Trondheim, at the Thermal Two-Phase Flow Laboratory (). Are you motivated to take a step towards a doctorate and open up exciting career opportunities? As a PhD Candidate with us, you will ...
This is NTNUNTNU is a broad-based university with a technical-scientific profile and a focus in professional education. The university is located in three cities with headquarters in Trondheim.At NTNU, 9,000 employees and 43,000 students work to create knowledge for a better world.You will find more information about working at NTNU and the application process . Video: About the positionThe Center for Research-driven Innovation NorwAI () explores ways to study and apply Aritifical Intelligence (AI) technology in innovative ways. Together with many partners from academia and industry, we work in different work packages. The position is associated with the DATA work package. We aim for a close collaboration between the candidate and domain experts from our partners.Are you motivated to ta...
UiB - Knowledge that shapes societyThrough robust and close interaction with the world around us – globally, nationally and locally – we shall be instrumental in building a society based on knowledge, skills and attitudes.Do you want to take part in shaping the future?. Video: PhD positionThere is a vacancy for a PhD position in System Dynamics at the Department of Geography. About the project/work tasks:The position is part of the Belmont Forum project “ComDisp: Community-Centered Modeling of Housing-Related Health Disparities.” ComDisp develops a grassroots modeling framework to predict health disparities under different climate change scenarios. Addressing housing-related health risks in the USA, Vietnam, Turkey, and Ecuador, the project integrates community engagement, data science, an...
UiB - Kunnskap som formar samfunnetGjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.Vil du vere med å forme framtida?. Video: UniversitetslektorVed Det medisinske fakultet, Universitetet i Bergen, er det ledig ei åremålsstilling som universitetslektor (20 % ekstraerverv «bistilling») i medisin (arbeidsmedisin) ved Stillinga er for inntil tre (3) år frå våren/hausten 2025 etter nærare avtale. Bistillinga er knytt til fast relevant hovudstilling som arbeidsmedisinar (minimum 50 %) ved relevant eining. Arbeidsstad er Stavanger.Vi søkjer etter nye kollegaer som saman med tilsette ved institutta vil bidra til framifrå undervisning for medisinstudentane i Stavanger i pilotprosjektet Vest...